Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
meir og meir Utfararane finne heim att, liksom franske,
tyske, italiske Utvandrarar jamt søkjer heim, naar dei
i Amerika hev tent seg upp noko.
Kven veit? Det viser seg alt her og der ein
ameri-kansk-norsk Heimfarar. Paa Jæren hev eg høyrt gjeti
fleire. Enno gjeng det gjerne so, at dei fér av att. Dei
trivst ikkje her. Den norske Fridomen er større enn den
amerikanske paa Papire; men dei kjenner seg ufrie i
Norig likevel. Og so er det so daudt her. So lite Tiltak
og Framtak og Mod. Det er for trongt og for traatt for
deim i dette heimlause, halvdaude Norig.
Eg kjende ein av desse heimkomne Sønine. Det var
ein modig Maur. Og han greidde det lengi. Fekk seg
ein Jord-Bite midt i svartaste Lyngheii og dyrka den
upp til eit lite Mynster av Hagebruk. Vilde vise Folk at
slikt lét seg gjera. Austanum Have likso vel som
ve-stanum. Folk glodde. Undrast. Smaaflirde. Trudde kje
paa det. Mannen hadde vel Pengar i Amerika. Berre med
Arbeid greidde ein seg ikkje so godt. Her til Lands
daa. Ne—ei. Og dei strøymde til Amerika som fyrr.
Sistpaa vart Mannen leid av aa sitja der aaleine paa
Heii si. Han er farin til Amerika att, og kjem visst
aldri heim meir.
Andre heimkomne Amerikafararar hev freista med
Gardbruk. Ein veit eg um, som hev greidt dette. Han
hev teki det paa amerikansk, og jærsk, Maate: bygt
smaatt — so nær som Løo og Fjose — og arbeidt godt;
han skal klara seg fint og vera glad for han er
heim-komin. Det læt seg gjera aa finne heim att! —■ skulde
dermed denne Mannen ha vist. Etterkvart maatte fleire
kunna lære dette. Og koma heim att, og dyrke nytt
Land, og lære Folk aa arbeide. Det vilde i mange
Maa-tar gjera godt. Setja nytt Mod i Heimefolke. Kveikje
nye Tankar og gjeva ny Framhug. Det er ei Von.
332
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>