Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
andre Bendelormar au, t. d. eit Par «Arveindkaldelser».
Det var etter avfarne Bondefolk. Desse
«Arveindkaldel-ser» syntest meg so historiske at eg skreiv deim upp.
Den eine Garden hadde 1 Erving i San Fransisko, 1 i
Ny-Seland, 1 i Kanada, og 1 i «udenrigsk Fart»; den
andre hadde 12 — tolv — Ervingar i Amerika, 2 «til
Søs», og 1 i Kaupenhamn. Det er «Ungdomen no for
Tidi».
Eg ser det sjølv. Den eine Sumaren er her so mykje
vent og friskt ungt Folk at eg vert heilt-upp kry; Aare
etter er her tomt att. Det er som Kjeringi med Limen
skulde ha vori ute. Og lat so vera; me hev ei slik
Kje-ring; ho heiter Tæring og er ikkje so greid. Men det
plar daa kje gange so fort med henne. So spyrr eg. Og
Svare er: Amerika. Og mykje plar det vera den beste
Ungdomen som fér, den som det er mest Framtak i.
Kann me tru paa ei Tid, daa Heimhugen vaknar att i
dette framandvortne Folke, som dertil snart hev likso
mange av Borni sine burte som heime?
Vonlaust skulde det ikkje vera. Dei utfarne lengtar
heim att, mindre og meir. Det er nok gildt i Storheimen.
Og i Norig, der er ikkje alt gildt. Men d’er løje med
det. Heime er heime korleis det snur. Det kjenner dei
no, daa dei er utkomne, — mange daa visst1.
Heimkjensla er sterk. Kann me faa ho til aa vakne
fyrr dei unge fér ut? Eller faa ho til aa vekse, so ho
driv dei utfarne heim att naar ute er freista?
Mange trur dette. Dei trur jamvel at Amerika vert
oss til Hjelp; for i Amerika lærer Folk aa arbeide. Etter
som Tidi gjeng og Amerika vert trengre, skulde daa
1 Hans Seland skriv um dette i eit av Amerikabrevi sine;
stilt og braakfritt fortél han, som hans Vis er; men ein
skynar, at for dei fleste er det ingin Leik likevel aa skifte
Heimland.
331
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>