- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
339

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Naa! Huse held alltid meg ut. Og held ikkje det meg

ut, so held eg det ut; det hadde kannhende færre venta!

*



Seinare.

–Dette Breve skulde vera dagmerkt: «paa
Havsens Botn». For naar det fyrst regner paa Jæren, so
regner det til Gagns. D’er kje Regn; det er Siflod.
Hi-mil og Jord gjeng i eitt. Hev ein Hus, so vert det som
ein kvelvd Baat paa ein Havsbotn. Og bryt dertil Tora
laus, so er det Sinai, Jordskaking, Domedag.

— Du undrast vel paa at eg skriv med Blyant. D’er
Hulda som er komi fraa Færøy. Der hev ho havt eit
Ver so ho lite kunde koma ut; og Sümarstid var det, so
Færingane hadde helst anna aa gjera enn danse. Men
ho fekk lære det ho vilde like godt, og hev havt det
svært gildt der burte. Ikkje minst paa det gamle
Kyr-kjubø der Rigsdagsmannen Patturson styrer. Ho er
nøgd med Ferdi og hev Mod paa Visedansen, den ho
hév sét og lært der han liver fraa gamalt. Og kann ho
faa gjera noko til aa vekkje upp att denne Leiken i
Norig, vil ho tykkje som eg: at ho hev gjort eit godt
Verk.

Mykje gamalt Mod, mykje gamall Manndom og
Ungdom vil vakne upp att gjenom Folkevise-Dansen, denne
Leiken, der Sogo vert liksom Uvande att. Eg kann tenkje
meg ei ny Folkevisedikting au vakne ved den. Det vilde
for ein rett Diktar vera noko anna aa faa Kvædi sine
fram i livande Liv gjenom frisk Leik enn aa faa deim
gravsette i svarte Radi r i eit Blad — «i det som næste
Dag man tørrer Rumpen med», som den Skjelmen
Ludvig Holberg sagde.

No hev Hulda siti her i 8 Dagar i alt dette Vinddrage
og skrivi Brev; og no er ho so skral, at i Morgo vil ho
paa Veg til Asker att. Ho hev fengi Nøgdi si av desse

339

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0341.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free