Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Regnheimane i og ved Vesthave, daa visst for det fyrste.
Men enno er det eit halvt Tjug Brev att. Og paa
Knuda-heibakken finst det berre eit Blekkhus. Dette Blekkhuse
er so halstrongt, at det berre kann svelja det eine av
dei tri Penneskafti mine; og so lyt ho hava det. Og eg
fær greide meg som eg kann. Det er etter den nye
Bibelen det: Mannen skal vera Kvinna undergjevin.
Ein god Ting hev ho elles gjort i Knudaheibakken.
Du hev vel ikkje høyrt gjeti den Ulykka som hende meg
her eit Bil sidan; det var det verste som i det heile
kann hende ein Mann fraa det nittande Hundradaare:
Setlaboki mi kom burt. Og daa det her i Huse ingin
Stad finst, der ei Setlabok kann koma burt, so visste
eg at ho var stoli. Ned-paa Garden kunde dei endaa
fortelja meg um eit Fantefylgje som hadde fari her nyst;
so her var ikkje Tvil lenger. Eg melde Stuldi til
Lensmannen, so eg skulde kunna segja at eg hadde gjort
mitt; men eg venta ikkje aa sjaa Setlaboki att i denne
Verdi. Og daa visst ikkje Setlane.
So kom Kjeringi. Ho trudde kje paa denne Tjuvesogo.
Fant braut ikkje inn hjaa Fant. Naar Fantane saag
denne Fantestogo her, so skunda dei seg berre aa koma
lenger. Ho tok seg fyri aa gjenomgranske den
Halmsek-ken som gjeld for «Madrass» i Knudaheibakken. Daa ho
kom til Botnen paa den Halmsekken, so laag Setlaboki
der.
— Tjah! Kvar skulde ho elles ha vori? Du skjmar
kannhende ikkje det, du. Og i Grunnen... det ser rart
ut. Kva skulde ei Setlabok ha i Sengehalmen aa gjera?
Men kven veit. Kannhende hev Knudaheibakken fengi
Tunkall. Og han kann ha vilja minne meg um, at han
maa hava Grauten sin til Kvelds, um alt skal gange paa
rette Maaten. Eg fær tenkje paa det–-
340
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>