- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
348

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa Tak. Men so kann det au gjeva Mod aa sjaa, at me

1 sümt hev vunni lenger fram enn dei gamle. Og det
hev me.

Soleis i Jordbruke.

I det 18de og heilt ut i Fyrstningi av det 19de
Hun-dradaare var Gardane so lite verde, at um Eigaren trong
eit lite Laan (som ei 30—40 eller 60—80 Riksdalar), so
gjekk han til ein av dei Gardmennane som hadde Pengar
aa setja ut (Bankar var der ikkje) og selde Garden
sin for denne Simen. Men tok so Garden att paa Bygsle.
Dette gjekk for seg so jamt, at etterkvart vart Fleirtale
av Bøndane Leiglendingar, daa visst i stime Bygdelag.
(Men sat endaa tryggare paa Gardane sine daa enn no
under Bankvelde, daa dei gjeld for Eigarar.)

Gardprisane var i det heile utrulegt laage. Stundom
var Gardane verdlause. Ja det hende at dei vart liggjande
unytta; det var ingin som vilde hava deim. So vart dei
Riks- eller den Gongen Kongs-Eign, og laag unytta Aar
etter Aar, eller vart burtbygsla avgiftsfritt, og dertil
skattefritt i Aara-Tal. Ein Gard paa Fosse, som for eit
halvt hundra Aar sidan var tusund Dalar verd, vart for
hundra Aar sidan burtsett paa slike Vilkaar. Ein Part
paa Hognestad vart i 1755 seld for 24 Riksdalar; det var
Far som selde til Son; men endaa er det so me ikkje
rett kann tru det.1

1 Me maa elles hugse at Pengane var meir verde daa enn
no. Um Eigedomstilstandi paa Jæren i eldre Tid hev Torkell
Mauland funni fram Upplysningar som eg kunde ynskje eg
hadde Rom til. Ei Uppskrift lyt eg faa taka med.

Det som vart uppskrivi i Skifte etter Knut Eivindsson
Garborg († 1748) var:

9 Spann Gods i Garborg............... Riksd. 18—»—»

Uppset-Krytyr ........................ » 8—»—s>

4 Kyr ................................ » 16—»—»

2 Kvigur ............................. » 3—4—»

348

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0350.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free