- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
347

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

blank kannhende. Glansgul, bleikt glimande; med lange
ljosare Solgeisl.

Men her er Luft att. Og Land. Og Hav. Sjøen er
myrk, jønnblaa. Men bleikblank i Nordvest under Soli.
Gjev det kunde roe seg.

*



Seinare.

Det lid til Solabér. Lande ligg kveldkurrt fraa Have
til hit. Ein Blaa-Tone drøymer yvi Strand-Lina og dei
brune Heiane. Kveldklaare Vats-Speglar blenkjer fram
her og der, Aarre-Vatne nedst og nørdst, skilt fraa Have
med ei lang kvit Sand-Line. Flatlandsgardane med vide
Myrar og Moar tøygjer seg draumstilt upp-igjenom, til
dess Garborgsaasen lyfter seg roleg og stød. Litine her
ovanum er ljosare, grønare. Lande er nytt for Augo
mine no, daa Regnskodda er burte.

Du stormrivne Land, du Vindheim og Blaastrheim
æveleg, aldri er der noko so stilt som du, naar du er
still. Blankt og mjukt ligg Have ut-um deg som ein
Draum; blaa og ljos og uendeleg lyfter Himilen seg yvi
deg som ei Signing.

Trygt er her ikkje. Himilsbragdi er uklaar; noko nytt
vil fram; men det spyrst um det gamle hev gjort ifraa
seg. Eg vil tru det beste og slaa meg til Ro. Berre Nord-

vest-Trolli maatte faa sova ...

*



–-Paa Hognest lærer eg Jadarologi eller Jær-

kunne. Baade av ’n Eivind sjølv og av Bokhylla hans.

Me trur gjerne at alt hev vori so mykje betre og
gildare fyrr i Verdi. Og Von kann der vera i det med:
aa sjaa kor langt dei fyrr hev kunna koma. For me maa
daa kunna koma minst likso langt me, naar me tek oss

Solabér: «Solbjærg», Soleglad. — kurr: roleg.

347

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0349.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free