Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
atters mot no, men kann 6g gjera seg ein Tanke um
Framgangen.
Baade Lista og mest Jæren «prangede», skriv
Løytnanten, «med overvættes frodige Agre», um dei no ikkje
var store; og der var «jevn Velstand», ja litegrand
Rikdom med, vunnin ved Handel; og han raaka ikkje ein
Tiggar korkje i Dalane eller paa «Jedderen», skriv han.
Men paa heile Jæren reknar han berre 1200
Jordbrukarar, og det endaa han tek Husmennane med. Og berre
Helvti av desse avla so mykje at dei kunde selja noko.
Alt i alt reknar han, at Jæren kunde selja noko slikt
som 8400 Tunnur Korn um Aare.
Jordi laag i Sameige og vart laakt steilt. Aakrane vart
spadde; dei var so fulle av Stein at Plogen hadde vori
ubrukande, um dei hadde havt ’n. Og Bonden saag seg
ikkje Raad med aa faa Steinen burt. Hausten var skral:
6V2— 8 Foll Korn, 12% Foll Jordeple. Skikkeleg Eng
fanst der ikkje paa Jæren, so nær som her og der
inn-’med Byn; det som Bøndane slog var berre noko
Myra-f jagg som der lite var Gagn i. Dertil kom det vesle gode
Grase som voks «millom Kampesteinar» paa
Aaker-Reinane. Buskapen laut gange ute um Vinteren med,
naar det ikkje var for mykje Snø; der fann han daa
«ikke Føde, men kummerligen Livets Ophold».
Vegar fanst ikkje. Alt vart ført paa Hesteryggen,
eller paa Sjøen med Baat.
Andre Næringar enn Jordbruk var det smaatt med.
Fisken kunde slaa godt til stundom; men for det meste
var der lite paa Sjøen aa gjera. Hagebruk var knapt
nemnande. Av Arbeidsdrift vert nemnt eit Tiglverk paa
Sandnes.
«Landprang» (Skreppehandel) vart drivi, men altfor
mykje. Hadde ein Bondegut spara seg ihop eit Tjug
Riksdalar, so vilde han ikkje arbeide lenger, men gav
350
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>