- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
356

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vel som Reinfær. Han skal vera leid, Golvsanden. Dei
trur han ét upp Lunga paa Folk som bur i sandstraadde
Rom. Det skulde daa vera den som var Skuld i, at
Jærbuen i desse Bønemøte-Tidir sturtar av Tæring som av
ei onnor Farsott.

Eg veit ikkje kva som sannast kann vera i den Saki.
Skal eg segja som eg meiner, so mistrur eg i dette
Stykke Syndi vel so mykje som Sanden. Dei sit i
Bøne-møti sine og sveitar og græt yvi Syndi; og so naar dei
er gjenomsveitte og utgraatne og blaute som
Vaske-fillur, so beint ut-i Hav-Vind og Vinterfrost og gange
der og reike Vegane att og fram og radla endaa ei god
Stund um denne kjære Syndi. Det kann bh Tæring nok
av det, skulde eg tru, um ikkje Golvsanden er med. Og
gav Lovmakarverke i Kristiansby ei Lov inn, at
Læk-prestane skulde koste Doktar og Likferd paa alle
Lesarar om sjuknar eller døyr av Tæring, so trur eg
Dok-tarane kunde lata Golvsanden vera i Fred.

Det eg veit er, at heime bruka me Golvsand som
anna Folk, og hadde so gjort Ætt etter Ætt; men Uke
bringesterke var me. Alle som ein. Eg for min Part er
rædd, at var alt so vel i Stand paa meg som Bringa er,
so kunde eg knapt faa døy paa skikkeleg Maate.

Me totte det var friskt med den fine blaae Havsanden
paa Golve. Naar Stogo var sopa og sandstraadd fekk
ho ein Daam som av Strand og Sjø; d’er noko eg ikkje
hev kjend Maken til nokon Stad der eg elles hev fari.

Men dette kom seg kannhende av, at eg sjølv fekk
vera med aa køyre Golvsand? Naar eg daa sidan saag
frisk Sand paa Golv, var det som eg kjende att Daamen
fraa Nærlands-Strendane ? — tenkjer vel du i di
Kultur-Tru paa Vitskapen.

Ja—ja. Eg skal ikkje stridast med deg inn den Ting.
Men desse Sandferdine vaare, dei minnest eg, maa du tru.

356

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0358.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free