- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
355

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjeng ned, so at Svartebøkane hev berre Nullar og
Krossar og Underskot og Baksköt, og Svartemennane
lagar Gravpreikur det beste dei hev lært, so rett som
det er stend Folke der som ingin Ting var, modigt som
Sattan. So her er visst ikkje anna aa gjera enn drive
paa og stræve i Veg og sjaa koss det vil laga seg.

Ikkje minst her i Heimbygdi fær eg denne Trui meir
og meir. Sjølve Utfararstraumen er ikkje so spéleg
som han ser ut til. Utfararhugen er gamall hjaa
Nord-mennane, og Heimatthugen vil styrkjast etterkvart, so
visst som han alt hev vakna. Det fér elles fleire av enn
fara vilde, inn alt var rett stelt; vert det ein Gong meir
Jord heime aa bu paa, vil Straumen minke.

Bonden fær ymist høyre ille for, at han ofte sit med
meir Jord enn han raar med, og endaa læt Ungdomen
fara. Men det er ikkje so beintfram. Ikkje vil eg døme i
den Sak. At Bonden held paa Heim og Ættegard, so
han lite likar aa skifte ’n sund eller selja burt av ’n,
det er rimelegt og med Maate rett. Eg kjenner det kann
svide jamvel i ein Heimlausing som meg aa sjaa
Heimgarden sundbytt. Me fær takke til at Folke hev so vidt
Samanheng med Heimejordi som det hev. Med det andre
vil det laga seg. Alt no vert Gardane skifte, naar dei er
uppdyrka nok til aa føde tvo for ein; og den Vegen bér
det meir og meir no, daa det mindre og mindre vert
Viddi enn Drifti det spyrst um.

Fortare kunde det gaa. Men so er det no vel att ei
Stund til Domedag enno.

XII.

Du Steinar! Knudaheibakken 12. 7. 1902.

— Golvsand hev du vel høyrt gjeti. Eller lesi um i
Bladi, um ikkje meir; for der skal alt inn no, Rusk so

355

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0357.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free