Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Denne Sandstrandi, «Saltestrondo», drog meg alltid
sidan, naar eg kom til Jærs; og eg hev vori der meir
enn ein Gong i seinare Tidir. No kjem eg der sjeldnare.
Dei brenner Tare paa Havstrendane no; og Sandane er
sundbytte med Staaltraadgjerde. Dess heller hugsar
eg deim fraa mine Barneaar. Daa var det Vidheim og
Friheim og Audheim og Stillheim; «Verdens Ende»;
Mannheimen slutta her; Lande vart burte i Sanden og
Sanden i Have og Have inn-under Vesthimilen lengst,
lengst ute der Soli gladde.
Men nye Spursmaal vakna: der ute der alt fekk Ende,
der maatte det au vera eitkvart. Og daa det ikkje kunde
vera noko slikt som det me hadde her, so laut det vera
Æventyr. Ein Draumheim. Gull-Borgir lyste yvi Land
der Soli seig; og store forunderlege Fuglar med
Gull-fjørir flaksa ikring; og Sjøormar var der, kvite som
Sylv, og underlege Dyr med Gullhorn og Silkefaks og
Staalkløar og raude Gap som det stod Røyk or. Der
var au det store djupe Hole der Soli gjekk ned. Men
naar ho kom langt nok ned, so snudde ho. Og gjekk
ne-dan-um aust-yvi til Uppgangen att; der kom ho daa
upp um Morgonen. Ho laut hava ein stor Øyk. Eller vel
helst tvo, som han Kyller paa Nesheim for Vogni si; ja
kannhende fire.
Strandi laag lang og sand-blaa ned-i sjølve Aldedrage.
Eit Stykke innanfyri, og noko høgare, so det skulde vera
stengt for Sjøen um han vilde for langt upp, laag store
Sandviddir yvi-straadde med smaa Stein, meir og
mindre rundslipt; det var Kuheimen min. Mykje fine «Kyr»
fann eg stundom millom all Strandsteinen. Vene blaae
og graae og stundom kvite Steinar som var rundslipte
paa slik ein fin Maate, langrunde, flatrunde, regelrette
som dei skulde vera støypte. Naar han Far, eller
stundom Drengen, heldt paa og lesste Sand, rusla eg inn-yvi
358
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>