- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
359

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

desse Sandviddine og fann Kyr, til dess me skulde paa
Heimveg att.

Ofte gløymde eg Kyrne; stod i Sandbakken og glodde
ut-yvi Have og fælte. Helst naar det blés noko stridt.
Uh, denne store ville Sjøen. Som laag der Dag og Natt
og olla og brulta og braut; han vilde visst inn-yvi Lande.
Hu, um han no skaut Rygg og lyfte seg upp og kom,
kom... Men han hadde kje Lov til det. Og han Far
var med. Aa nei; Sjøen vilde vera snild. Sjøen vilde
vera skikkeleg. Eg fekk skunde meg og finne Kyr.
Naar eg kom heim, skulde ho Stine og han Jon faa sjaa
at eg hadde vori Kar og funni mange fine Kyr aat deim;
fine store Kyr; og dei skulde faa alle deim som dei
vilde hava.

Naar det var godt Ver, vaaga eg meg lenger nord, og
heilt ned i Sjøkanten; paa Strandsteinane der fann eg
Kuvungar som eg tok med meg heim til «Smale».
Skjø-lir (Skjeljar) fann eg og; dei var so vene; og so kunde
me bruka, deim til Fat, naar me gjorde gildt og kom
Framande.

Sistpaa kom han Far eller Drengen etter meg; me
skulde heim-yvi. Eg var full-lesst jamt, og hadde dertil
Nedlag her og der; naar alt var framfunni gjekk me.
Eg hadde jamt mykje aa fortelja og spyr ja um; men
eg tagde med mangt au, serleg slikt som eg var rædd
dei kunde øydeleggje for meg, eller jamvel læ aat.
Likevel lo dei aat meg rett som det var; men det var ikkje
paa vondt, kunde eg skyna. So lagde eg Kyr og Sauir
og alt eg hadde upp-i Kjerra; sette meg so sjølv upp-i;
og dermed — hypp! — bar det ut-i Salte-Aano.

olla: bølge. (Heng vel ihop med Alda (o: Bølge, som
paa Jæren heiter Olla).— bru 1te: buldre, larme (um
døyvt, tungt Bulder; soleis um Tora, naar ho slær ikkje for
hardt). — Smale: faareflokk). — Nedlag: «Oplag».

359

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0361.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free