- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
360

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Still og klaar gjekk ho her millom Sand-Fennane,
denne Aai, men saag stur ut likevel. Ho var vel rædd
Sjøen, som ho snart skulde ut-i.

So bar det sud den lange smale Vegen hisides Aai
ovanum Sandhaugar og Sand-Drivur til Nærlandshøgdi.
Eg gjekk attanum Sandkjerra og saag etter Kyrne og
Smalen min og «tenkte». Aa, her var so underlegt her
’med Sjøen. Det var som alt dette ikkje rett høyrde
vaar Verdi til. Alle desse Sandhaugane, med Grasmark
eller Lyngmark ovanpaa liksom Flat-Luvur, eller som
Aaklæde, og Viddine utanfyri som var berre Sand, Sand
liksom i Baaredrag og Bylgjur, det vart alt ihop til eit
Sandhav i Sjøgang, med Sand-Driv for Sjø-Rök i
Vindkvervlane. Sjøormar og Marsvin og Havfruvur og
Havtroll og ymist anna rart heldt vel til her ut-i desse
tilstivna Baaredragi, naar Trollskapen elles ikkje var i
den rette Sjøen daa. Halvrædd og endaa mest med
Lengt lydde eg paa Duren der utanfyri av lange
Rullingar og tungt fallande Sjøar, eller av døyvde Brak
som eg ikke skyna kva var, til dess me kom lenger upp,
og den ville forvillande Havheimen seig av i seg sjølv,
stilnande, tun enno kvævt brultande og durande, til me
kom langt uppgjenom Lande.

Stundom var han Får innum paa Nærland, fyrr me
gav oss i Veg; daa var eg med for det meste. Eg
minnest, at naar me kom inn der, saag eg gjenom Vindaugo
Hav-Sandane, som laag liksom paa Hérferd uppyvi fraa
Strandi mot Garden, Fonn etter Fonn, Bylgjedrag etter
Bylgjedrag; ein kunde tru at dette ville Sandhave vilde
leggje Nærlandsgardane under seg. Naar det blés, rauk
det og fauk fraa Sandfennane so det kunde mest sjaa
ut som Snøfok. Daa kjende eg meg bringetyngd; trøysta
meg med at me skulde heim til Kvelds,
’med (Sjøen): attmed; ved.

360

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0362.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free