Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
meir Magt var det lagt paa dei Bygningane som høyrde
Gardsstelle til, som Løur og Fjos og slikt; dei var baade
store og framifraa vel stelte. I dette Stykke steller
Jærbuen seg som andre kloke Folk: øyder lite til Stas og
Vas, men legg Magti der det trengst: paa Arbeidsveide
og Bruksbygningar.
Men Sandflöge? Og alle desse Sandfennane som fyrr
drog seg upp ifraa Strandi liksom paa Hérferd? Eg
stirde og glodde. Baade her og der.
Fanst ikkje Fennar.
Det gusta og blés rett friskt. Men korkje Rok eller
Fok var aa sjaa. Eg kunde kje skilja anna enn Aaker
og Eng, som stod serskilt godt, og Viddir med Kaal og
Rotvokstrar, og næmast upp-ikring Husi Tre; og
utanfor Vindaugo ein stor Hage med Aplar og Bér-Runnar.
Men fylgde eg med Augo Havstrandi nordetter, der fyrr
Sandhave baara seg fram og braut paa, — no grønka
det der med. Det var som Sanden og Dauden var
burt-mana.
Me gjekk inn. Der var folksamt og hugsamt.
Det var Sundag, so etter Non; eit stort Bord var duka
og stelt; Gjestir fraa Grendine sat og fekk seg Kaffi.
Mannen i Huse førde sjølv Vertskapen. Røda gjekk
greidt og huglegt. Det var dette frie og samstundes
folkelege Sellskapslive eg hugsa fraa gode Hus i mi Tid.
Me nykomne vart fagna som Kjendsfolk alle; um
serskilt eg var framand, so var Garborgsfolke kjent; me
var med ein Gong som heime i Huse.
Mannen, Torkell Edland, var ovantil Fjellbygdi fraa
fyrste Tid. Og Fjellbuen vil jamt vera lettlegare i Lag
enn me Jærbuar flest, liksom han au for det meste hev
haldi vel so godt som me paa gamall Husskikk og
Lags-skikk. Eg kjende Fjellbuen paa hans serskilt gode Lag
til aa vera Vert; og me hadde ei koseleg liti Kaffistund.
362
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>