- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
363

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So drog me i Veg til aa kringsjaa oss; eldste Son i
Huse, fullvaksin Mann og jordbrukslærd, var Vegvisar
og Framsynar. Fyrst bar det ned-yvi Heime-Jordine.
Süme av desse er beintfram tekne inn att fraa det som
var neddrivi alt. Jordine rakk no langt ned-yvi der, som
eg aldri hadde visst av anna enn Sand; store Viddir
laag det her no med velstelt Jord i beste Magt; reint ein
Storgard hadde det vorti. Eivind Hognestad fortalde
meg, at denne Garden hadde vori haldin for den
ringaste paa Nærland fyrr; hadde ein annan sagt dette,
so hadde eg knapt trutt det.

Sjøen susa sin gamle Song. Men liksom ikkje lenger
med den gamle Tyngd, eller den gamle Rædsle. Friskt
og modigt høyrdest det.

Eg undrast paa, kvar det kunde ha vorti av alle dei
Sandfennane som laag ned-etter her fyrr; Føraren sagde
at det meste av den gamle Sanden var jamna ut-yvi og
nedhakka i Jordi. For det hadde helst vori god Sand.
Upp-mengd med sund-morkna Tare og Skjeljar og smaa
Sjødyr av mange Slag, so at naar han kom i Jordi var
han heilt-upp som Hævd, aa kalle. Det som saag ut til
Øydeleggjing hadde daa beintfram vorti til Bate.

Arbeide med aa faa Sanden bundin hadde vori baade
langt og seigt, og hadde kravt mykje Tolmod og
Um-tanke. Men so hadde dei meir og meir komi etter
korleis dei skulde ta det; og litegrand hadde Staten hjelpt
til, so ein kunde leggje meir Magt paa Arbeide. Og so
var det daa no komi so langt. Strandrug (Marehalm),
som ikkje grodde paa Jæren fyrr, var innførd fraa
Jylland og hadde vaksi godt; den batt Sanden utruleg. Og
Strandrugen saar seg sjølv naar han veks til, og legg
daa Sanden meir og meir under seg.

Rolegt og spakt tok han det, denne Karen; sagde
heller vel lite enn han sagde eit Ord for mykje. Eg kjende

363

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0365.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free