- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
371

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Du Bladstyrar!

Nord-Norig er ei Verd for seg sjølv, ukjend, aa kalle,
for oss Sørlendingar. Avleides inn-i Æventyre ligg ho,
burt-dult i Havskodde og sju-maanars Natt. Men det
skulde daa laga seg so likevel, at eg fekk sjaa ein Skimt
av denne Segnheimen.

Me veit um Nordland. Og hev ein Draum um
Finn-marki. Me hev lesi Petter Dass; me kjenner Jonas Lie.
Men det er som me ikkje rett trur paa det me hev høyrt
og lesi. Nord-Norig er ein Trollebotn mest som i
ga-mall tid.

Snart gjort er det elles ikkje aa faa Kjennskap til
Norig. Dei segjer det skal vera lite, dette Lande. Men meir
enn eit halvt Aarhundrad hadde eg livt, og flakka og
fari baade hit og dit, fraa Trondheimen til Taormina,
fraa Prøyssen til Paris, og hadde endaa ikkje sét meir
enn mn Lag Helvti av Heimlande mitt.

Og endaa hadde eg drøymt um ei Finneferd fraa eg
las «Den Fremsynte».

Eg var norsk; det var mangt som var vigtigare for
meg enn aa kjenne Norig. Dessutan hadde eg sét ikkje
lite av dette Lande. Sistpaa trudde eg i Grunnen at eg
kjende det. Det hev vori Tidir daa eg kunde tenkje paa
Norig og gløyme Lande nordanum Dovrefjell.

Norsk var eg au i det at eg «drøymde stort». Ei
vanleg Nordkapp-Ferd kunde ikkje lokke meg. Nordkapp

371

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0373.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free