Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og Midnatt-Sol var noko Turist-Jugl. Det var
Vinteren i Nordland eg vilde sjaa. Den store Æventyrnatti
med Nordlysing, Maanetrolldom, Ishavsglim. So kunde
eg taka Midnattsoli med, um det so fall seg.
Etterkvart vart eg mindre stor paa det; tok til aa
tenkje paa ei Nordkappferd likevel. Daa kom eg etter,
at berre ei Nordkappferd ikkje er nokon Smaating. Det
er likso langt til Nordkapp som til Neapel. Og Vegen
nord-yvi er stridare: Hav, og urolegt Hav. Og dyrare:
paa so lang Ferd maa ein halvgamall Halvkrusling som
eg hava fyrste Plass; og det er noko anna enn tredje
Klasse Banevogn. Matstelle paa norske Eimbaatar er
ikkje heller for Smaafolk. Meir og meir kom eg til det,
at eg laut vel gjeva upp Nordland.
Men so laga det seg likevel. Med ein Gong, og reint
uventande. Og eg slo til. Eg fekk nok takke til at eg
kunde faa ei Sümarferd der upp; og ei vanleg
Turist-ferd vart dette ikkje.
Ei «stor» Finneferd drøymer eg enno um. Meir enn
nokon Gong. For hev eg ikkje visst det fyrr, so veit eg
det no: ein gjer ikkje Nordheimen fraa seg paa eit
Par Vikur. Han er mykje større enn ein Sørlending
trur. Det er ikkje som det etter vanlege Skulekort —
med Nordheimen i halvt Maal — kann sjaa ut; at
Nord-Norig er berre en Halestert paa Sud-Norig. Dessutan
er denne nordre Landshelvti so mykje mangfeldare enn
me veit av. Det eg paa denne fyrste Ferdi fekk sjaa,
det var helst kor lite eg visste.
Men «vori der» hev eg daa no. Og litegrand um denne
Finneferdi lyt eg fortelja.
— Ho tok ut fraa Norigs gamle Hovudstad,
«Trondhjem» som han kallar seg no. Me fær tru han fær rette
Namne sitt att ein Gong; men no høver det visst altfor
godt, dette halvdanske Fuskenamne fraa Dansketidi.
372
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>