- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
385

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Verdi. Han driv Russe- og Finnehandel, fiskar ved
Svalbard, kokar Tran o. s. fr. Og med Upplysningi er
han komin so langt, at han brukar Rav-Ljos (elektrisk).

Paa V a r d ø y legg ein serskilt Merke til
Festningen, Vardøhus, som dei meiner er ifraa Gamletidi,
so i Grunnane daa. Framum Dormen, det Fjelle,
som er Møtestaden aat Finne-Trollkjeringane fer ein
inn-yvi til den siste norske Byen paa denne Leidi:
V a d s ø y; den ligg ved Varangerf jorden. Mykje Kvæn
er det her. Og fast Eimbaatsferdsle hev Byen med
Russland, — næraste Grannen.

Inst i Fjorden, ved Russegrensa, ligg Sud-Varanger;
fraa Vadsøy bar det dit med oss. Upp den breide
Pass-vik-Elvi siglde me so langt som komande var; sidan
fekk me Ro-Skjuss. Det var Kvænar som rodde; dei
tala norskt provinsdanskt, — det Maale som me
«fornorskar» Finnane med, veit du. Seg imillom tala dei
kvænskt; det klinga betre.

Daa Elvi vart so ugreid og strid, at Ro-Skjuss ikkje
heller dugde, tok me til Fots; det bar uppetter paa
Vestsida av Elvi. Det er Smaaskog her. Noko lenger inn i
Lande er han ikkje so smaa heller; i Trums Amt og
uppetter er det ikkje Ute — og ikkje liten — Skog.

Til Boris G1 e b var det me stemnde. Der hev
Russen fast Fot paa den norske Sida av Elvi; det hev
nok ikkje sjølve den svenske Utanriksministaren kunna
hindre. Men so hadde det russiske Krave ein sterk
Grunn og, ja ein religiøs Grunn: det var i eldre Tidir
sett upp eit russisk Kapel her, som var so heilagt at det
ikkje lét seg flytja. Og Lutherdom tolde dette Kapelle
ikkje nærare innpaa seg enn ei norsk Mil; dermed laut
Russen hava denne norske Rutemili. Og so er der fraa
gamalt eit godt Laksefiske i Elvi her; det hev vel
Russen ikkje heller havt noko imot. Og kven veit kva ei Mil

385

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0387.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free