- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
384

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

au vunni seg so vidt fram no, at me trygt kunde segja
me saag Midnattsoli.

Eg kjende meg eit Grand aaleine i denne
Høgtids-stundi: tenkte paa mitt Folk, dette Folke som vart
teki med i 1814 og var med i 1905, endaa det same
Aare hadde fengi «Bondeparagrafen» strokin1, og endaa
ein gamall Tanke nylig var komin fram att i nye Ord:
«Bonden er Fienden!» — Men eg skaut Tanken fraa
meg og sagde til meg sjølv: Stig for Stig, smaatt um
senn vinn Folke sin Heimerett. Og den Dagen kjem,
daa det heimslege og det framande veks ihop, so at
eitt norskt Folk raader Norigs Rike. Dermed var eg

hugheilt med paa Skaali for den 7de Juni.

*



No bar det inn-yvi til Aust-Finnmarki.

Finnetrolli sov endaa lengi; Midnattsoli fekk me sjaa
tvo Gongir til, fraa Baaten.

Ver og Mod held seg. Fagert var Tilvære vaart; utan
Sut livde me i Æveheimen, der Dagen er utan Ende.
Ikring halv tridje Maanad varer denne Dagen her paa
Nordkapphøgdine.

Byane i Finnmarki fekk me etterkvart sjaa; dei hev
sitt eigi Lag og lokka meg ikkje lite. Husi er smaae og
hyggjelege; torvtekte; Lands Hus; kvar Mann hev sitt
som paa ein annan Gard. Men Finnmarksfolke hev samla
seg i mange slike Gardar, so dei skal kunna hjelpast
noko betre aat i det Arbeide det her gjeld um. Det er
Fisking dei driv med helst; Fiskehjellane stend sjeldan
tome. Serleg rike var dei paa Vardøy, der eg trur dei
sagde det hekk ein Million Fisk uppe no.

Hammerfest er som me veit den nørdste Byen i

1 Er sidan inntekin att. (Merknad 1909.)

384

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0386.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free