- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
20

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So mang ein flekk meg drog og saug
um næter og um dagar.

Kvar løypt og lid med holt og haug
var mine hugsvivs hagar.

So klædd i gufs og gru — so vill

ein armods flekk var ikkje til,

at ikkje lel eg dera

på aur og stein hev véra.

Frå fyrsten var det eit mindre rike berre,
sjølve garden berre, som galdt noko. Heim
og hage, torp og tun, innmark og uthus.
Der hadde eg mine uner, og full-vis ferdast
eg der; ikkje eit loft, ikkje ei løe, utan eg
der snoka; ikkje ei røys, ikkje ei reine, utan
eg der leika. — —

Slumpe-løypti og Måfå-kroken fér menne-
skja so ofte på livsens veg, og mang ei
røynsle ho sankar. Alt som jordi og livet
gav, tykkjest ho eige. Fårleg — ja menne-
skjefårleg, — klok — ja skamlaust klok vert
menneskja, og sin bate trur ho seg fullvel

kunna trygde.

20

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free