- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
21

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men barnesynet kjem aldri att. Barndoms-
tidi hev ingor attervending. Som ei solren-
ning over burtlengste fjell, som avglansen
av eit hildrande eventyr, som eit blånande
leite lyser ho og leikar i hug og minne.

Som den døyande skodar

ei fagrare verd,

som ein elskande, hugsande

den som var kjær,

soleis tek deg dei kløkkjande stunder
som speglar din barndoms vedunder.

*



Sumt som skræmde var det nok i denne
min heim med, og det både ute og inne.
Det var svarte, skrymtande loft med små-
grinda vindaugo, med grøn-skimlute, gråtøygde
glas på sutrande regnslit-dagar. Myrke krær
med dimme, dumbute flaskur, — foön og
falke etter eitkvart som livde og ruvde, men
som skrokk og tærdest upp: bleike myhanke-
lik, langbeinte kjempeskuggar i feitug, rot-

21

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free