Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
På Sleikjar-steinom
var killing-leik.
På Bleikjar-reinom
låg lin på bleik. — —
Underlegt er det å minnast visse flekkjer
frå barndomsheimen. Sumt som uro valda
kjende eg sneven av både heime ved husi
og ute på gjordet. Ein usynleg samanheng,
ei løynleg skylde tyktest det vera millom
alt av det slaget. Det var liksom i ætt med
store kveldskuggom under brattfjellet og
rann i hop med deim. Ein hende gong slo
det ned på meg som eit åkast um natti, som
vindblåst frå heid over tjønn i kyrre skogen.
Men um morgonen når soli stod på gard-
staur, då var det godt att. Gullfuglen spela
og soli ho skein, og heimen stod helga i
hagen.
Um det dg her og der fanst urudde stein-
teigar, turrharde skrabbar med tægebær-lende
og blømande klunger, so var det då like vel
24
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>