- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
25

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

innangjerdes, alt. Det var skigarden millom
innmark og mork — det var gamle, vérslitne
ut-hagfella som sette det store skilje. Det
var tvo heimar. Den eine sollyst og signa,
fredsæl og vigd som ein heilag lund. Den
andre dårande og dragande som eit huldre-
hilder, fjetrande og forgjerande som Kivle-
møyars lokking, — forstøytt og forsteina,
men like vel tindrande som ein trolldoms-
fager gygreheim. — Då tykte eg at det var
tvo i meg, og at dei tvo heimane tala til
kvar sin. Og aldri gløymer eg den dagen
eg fyrste gongen kjende tauvringi frå troll-
heimen gufsande mot grensesteinom.

Som eit heilagkjært andlit frå ein av dei
draumar du aldri kann fange og aldri kann
gløyme, soleis hugsar eg min sæle barndoms-
heim. Som ei signing lyser det sorgalskire
andlit over meg, med strålekrans um panna
lyfter det si åsyn på meg og gjev meg fred.

*



25

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free