- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
29

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Frik møtte på fjellet. Han lånte meg fela si,
og alle Norigs gløymde tonar strøymde igje-
nom meg.

Stundom var det som fjellåndi sjølv vilde
halde meg fast. Um hausten, på sauleiting
inn og ut gjenom alle skortur og skard, då
hende det at fjellet kom over meg som ei
fjetring:

Det var so mang ein rukk og skrukk,
det va’ ’kje snøgt forfara,

og fjellet berre med ein sukk

på all mi einsemd svara, —

på all den støkk og otte som

steig upp i meg når kvelden kom

og stengde alle gluggar

med lange, svarte skuggar.

Ein vidsveimd, ein underleg heim var dette.
Under lidi, ved elvi, på vangen, i skogen,
langt, langt nede, — der låg hus og hyttur
so truskuldig og fredt. Men som i ei onnor
verd var allting hera. Orm og urd, eine" og

ulende, skriulaup og steinsprang og mår og

29

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free