- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
30

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gaupe og jerv og korp og fræsande slagfugl
— her var det set, her var det heime. Jam-
vel blomane hadde her ei villare tindring, og
bæri ein friskare smak. Jamvel fuglereiri var
her næpnare bygde, finare svarva og gløg-
gare gøymde. Sjå falken i flöget! Sjå hard-
vengja hauk! Formi so fast og fin som slipt
av fjellvind i alder og ævur. — Fann eg i audni
ei ørnefjør, eller eit skal av eit brandut egg
— strakst gjekk det som ein kvervilstøyt
gjenom hug og hold: det var som eldkrefter
frå upphavstider hadde blåse desse liter og
linur fram.

Meir og meir lærde eg lider og fjell å kjenne,
dei og all deira eige. Til sist var berre sjølve
stortindane att. I heilag togn, ovan- og attan-
for alt, nysnø-krona reis dei mot blankan
himling, — eit hosianna frå æve til æve tyk-
test eg høyre. — Tram over tram lyfte seg.
Høgd etter høgd laut eg vinne. Ingen fred,
fyrr alle tindar var klivne, alle utsyn røynde.

30

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free