- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
33

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og at der ifrå var mykje både godt og fagert
kome. Men det hadde ikkje djupe nok tæger
i sjølve landet. VNoko røte i min barndom
tyktest dette liv ikkje ha, og heller ikkje i
Norigs; ikkje eit norskt eventyr, ikkje ei
norsk folkevise, ikkje ein einaste kavnorsk
renning hadde sin lauk under torva i desse
lag. Soleis i mål og minne, soleis i gjerd
og måtar, soleis i alt. — Eg kunde ikkje
nekte for meg sjølv, at eg tok til å illtrivast.
Mi gøymdaste glede, mi djupaste lengt var
som ei burtstoli fele, slengd på myrkelof-
tet. — Byen gjorde meg hugsjuk. Uheilt
og halvgöte var alt reisverk, både det
synlege og usynlege; framand rekarved var
det meste. Jamvel ljoset, sjølve solstrålane,
tyktest bli fornekta; alltid og allstad so kalde
glansar, so døyvde liter, so daude fargar —
so ljote som var dei lånte, ikkje frå det
lettaste og finaste i materia, men frå det

tettaste og grøvste, — retteleg innvols-fargar, —

3 33

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free