Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lenge Zika eg det. Heime i bygdi var det
berre det same upp att og upp att heile
året rundt; kven kunde vera so styven at
han der vilde gjeva seg til all sin dag. Ein
kom då ikkje av flekken. Desse dauvlege
dagar utan spaning, denne forargelege ro
utan umskifte var ikkje til å halde ut. Nei,
då var det annleis i byen, der var det jamt
noko nytt både for sinn og sansar, og svint
gjekk alt frå handom. Det var eit æsande,
ræsande liv, eit ustanseleg jag, eit stynjande
kraftbruk, i kvar ei vending ein snøggleik
som det stod eld og age av. Eit liv fullt
av uro og hjartebanking, — eit øsande, egg-
jande, blenkjande liv.
Men det var rotlaust. Folk flutte frå hus
til hus, frå gate til gate; jamvel sjølve hei-
mane flutte, og dei av ættene som vart sit-
jande uppi landet, gjorde like eins; ein
bondegut måtte tenkje på rekarfolket. Eg
sa nok til meg sjølv at det /aut so vera,
SV
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>