- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
64

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Nordanvind og ’n Ola

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

låg gamal hund ihopringa, kvinka ilt og drøymde, —
ute vart det verr og verr’, og kvart eit liv seg
gøymde.
Ei kattul-kjerring ned gjenom elhuspipa smatt —
og fjør og blod og røyskatt i oska fauk og spratt.
I undfjos-mur og møk rann det regn og draup og
slatra —
frå langt inni ei vindpipe surra det og skvatra:
det peip og skar og kvæste, det lét som skratt
og gråt —
det låg ein arg kjøtmeis der og baska trøytt og
våt. —
Det gufsa gjenom bygdi, det gaus igjenom gluggar,
men huff, i djuv og klemstre nord i store kalde
skuggar
i Vindkjellar-gilom hekk det jøklar upp-og-ned —
der skrangla det i beintela, harde, nakne tre.
Det taut ei holi osp der, med fausk og røyte
- fora, —
kven kom i vind og væte, og upp og inn seg
klora?

64

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free