- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
67

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Nordanvind og ’n Ola

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

um ikkje du forverra det kvar morgon og kveld!

Du iskalde, kvinande vindmakarfusse,

du innholne, aurgamle, tome, stygge tusse,

du nåbleike vind-rette djupast nord og ned,

som ligg og blæs i holo di og aldri vil gje” fred:

du trur du kann meg skræme, du trugar, og du
trugar, -—

du blæs deg upp av ingenting og ruver som ein

ljugar!

Du beinlause stakar, du vås på all din veg:

med alt du riv og rasar, du rikkar ikkje meg.

Og held du ikkje kjeften din, og vil du med meg

vreiste,

so kom i all din ofse og lat oss magti freiste !

Du tykkjer du er strid, du, ja, men eg, ser du,
er trå, —

er ikkje ein som undagjevst, det kan du lite på!

Du milelange vindgeisp, du livande og daude,

du fredlause, ylande ånd ifrå det aude,

no skal du anten tagne, eller og attende snu;

eg er "kje bleik og nåmen

67

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free