- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
68

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Nordanvind og ’n Ola

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

frå Bangdalom komen —
eg rivnar "kje i skøytom for ein vindgust, må
du tru!»
Eg såg ikkje likt til, at han flutte seg av flekken —
han berre bles og pusta og fyllte heile sekken — —
Eg freista setja sukken i’n tilgangs, men langt ifrå:
«Dette her tekst hardt, det,» sa’n, «men no skal
du få sjå»,
— og kjem so kuland, øvervil, so stygg og strid
og asen,
at mest eg miste tevet, eg — som trudde eg var

basen.
«Din helvites tutarkong»,

sa eg og brautst ve’n enn ein gong,

«du tykkjest vera over, du, og ofsakar, ja visst, —
ska" ta meg fram med lempe, eg, og lure deg

med list |»

Eg tenkte meg so smått burt i småkryter-fjoset —
for der var ingen vind, san, og ikkje nauva ljoset,
og varmt var det, og tett var det, og myrkt som

i ein kjellar,

68

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free