- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
91

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - I byen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

sjå, det var so vidt ’n hangla
heim att, skrinn og bleik i vest.

Vind og snø og snære vart til
skog og fjell i nord...
den som berre snarur hadde!
Tyktest augne spor!
Då eg leita, var det rare
at eg fann — ein felestreng!
Fekk av den i stand ei snare — —
ingen veit kvar haren gjeng!

Men eit steinkast burt for Abel,
klædd i vind og ver —
steig det fram ein natt-konstabel:
«Stopp — hva’ gjør Di der!»
Vák eg såg i parken store
tre i lang allé og log:
Snarur her? Nei farken klore
den som kalla dette skog!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free