- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
92

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - I byen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Då det vel var ljose dagen

vart det ståk og styr, —

gjenom parken kom og gjekk det
mange rare dyr...

«Lam» og «løvur», kjælehundar —
helledussen, for eit stell:

sjå, det livna gjenom lundar, —

farvel draum um skog og fjell.

Og eg tenkte: sumt hev landet,
byrge hovudstad,

som du ikkje skynar, men som

lel for meg er bra. —

Inn i djupe draumar seig eg;

parken kvarv, og heile by’n.

Til so høge leite steig eg

at eg fekk eit oversyn.

I eit løglegt syn då såg eg
ville Norigs land

92

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free