- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
110

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bil-beistet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Tri flaskur med whisky var tømde,
og dei velte seg inn i ein bil, — —
der småfolk på vegane rømde,
geispa dei bleikfeite smil.

Ho Legd-Kari vart so fortulla

og vimsen og rædd at ho rulla

og låg uti greffi og gløste,

og gjentungen gøymde seg svint,
då ho høyrde og såg kor det frøste;

men gamla va eitrande sint:

«Sjå dessa, du Eldrid — sjå pakket!»
Ho glefste og tok etter tev:

«Å fa’n han døm inderleg hakke

i hælan" med utslitne grev!»

Ifrå vårbekkjom draus det og brusa,
kringum bilbeistet bles og susa,

og det glitra i knausom og kollom,
og det gufsa frå snøfjell i vest, —

og i gloande tan innpå vollom

flaug ein skumblaut og livrædd gra-hest!

110

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free