- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
111

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bil-beistet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var 22 som so reint sette søkken
i hingsten: han såg noko sers, —

og Grindstugu-galten tok støkken,

og hønun’ flaug ende til vérs!

Og bilbeistet baula og buldra,

og det stinka og frøste og snuldra

so stygt at i åkrom på Lende

lösna det endå ein øyk —

øydela’ åkran” for ende, —

gøyva stod som ein røyk!

Og i meir og meir skiftande lende,
som vart meir og meir nake og kvast,
langs med elvgil og djuv utan ende
susa bilen i rasande hast.

Og hurra! ropa skibsreder Balche. —
«Hu-hal» fleipa Bache hjå Alche;
«Frøken Baumann, vær ikke nervøs, Di!
Litt konjakk?» spurde løytnanten, lat.
«Ja ved Gud — hvis jeg bare kom løs, Di!
Hr. Balche, Di kjører grassatl»

111

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free