- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
194

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Emne - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som ho sa, ho Gamle-Brit;

då vart bleiken kvit som krit. —
Såg du kyrkjestakar skine,

såg du ljos på altarlinet?
«Kvitt som lin på altarbord» —
det er endå høyrde ord. |
Fagrast, kanskje, lyste lel

lin som, lagt på bleik i fjell,
sidan ljuvt og fint forfagra

vart eit plagg der blomen blagra
frå ein snøkvit gjentebarm,

når ei ungmøy raud og varm,
løyst og fri frå kvardagsstellet
over mjuke mösefjellet

gjekk og kvad, —

der ho ljos og morgonglad
mang ein sumarsundag hulla,
blid sin bøling song og sulla
ut frå sele”

med sitt ljose, blanke mæle,
medan doggi ung og frisk

194

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0196.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free