- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
195

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Emne - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

glitra våt i lyng og brisk. — —
Snøen stråla inst i reine
kyrkjefjell der mott åleine
mjukt ho kløktest, og i klåre
plagget kvitt som bredars mjell
glitrefager skein gullkåre,

skein soleie blank som eld. —
Desse kvite syner vell
allerfagrast, kanskje, lel

mot meg som ei ljos og blid
helsing frå mi barndomstid.
Endå ser eg sæle far min,
åsyns-mild og røynd og grå,

— tøyge, trugne lang-godfar din —
taka sundagsklædi på,

plagg av lin i skrin og kiste
(fagrast kvitt som nokon visste), —
ja eg ser han sundagsfegen,
kyrkjerøken, rein og tvegen:
berande, av gonga varm,

gamal, fjelga frakk på arm

195

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free