Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - På Dovrefjell
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
eg kjem og vil ære ditt namn.
For det som just her er forbanna,
er det at me helst noko anna
vil vera i all vår gjerd
enn det som me retteleg er.
Ja visst hev me sjølv-søkjur og,
som alltid seg sjølv berre såg.
Men det som just du vil oss lære,
er dette: i sanning å ære
sitt namn som det retteleg er.
Og Norig er Norig i ser.
Det fekk me til odel og eige —
og ikkje berre på leige.
Det lærde eg djupast av deg.
Og difor no helsar eg deg.»
Då meir innpå eldsmålet la han,
då stirde han på meg, då sa han:
«Eg ser du er ein av mine.
Du kjenner det kippest i kyn.
Hav takk då, for helsingar dine —
min son, du skal få di løn.
249
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>