Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - På Dovrefjell
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Då lærde den gamle meg runer —
runer um Norig og sa:
«I dei skal du ha dine uner,
når ikkje din hug er glad.
Sjå, enn er det skuggetider,
og sanningi dyl dei på jord,
og berre i bråblenk og rider
ovrar seg ljoset i nord. —
Kvar gong det for ålvor emnast
på verkeleg nytt for landet:
alltid laut i namn nemnast —
stødt ifrå meg kraft rann det.
Eg var på tolkom si tunge
då dei ved Eidsvoll svor.
Eg sende Harald hin unge
hjelpi ved Hafrsfjord ...
Eg såg deg i einslege fjellom,
då kjende du gufsen av meg.
So høyr då — at Hamar i Hellom
var ingen annan enn eg.
Du må ikkje namnet mitt gita.
250
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>