- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
251

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - På Dovrefjell

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Alt folket skal eingong få vita,
når tidi den rette er nær,

kva røyndom eg retteleg er.»
Sjå bygdene kvarv...

Sjå alle bygdene kvarv,

det var landet som lyfte seg bratt.
Og eg kjende eg åtte ein arv,

ein blank, ein ubrenneleg skatt.
Den eg, som fødd her i landet,
som nordmann var ein-eigar av.
Ja lysande upp for meg rann det,
alt, Norig til nordmenner gav.

Og eg sende ein takk til dei gjæve
menner som berga det heve.

I kåpur blåe og raude

braut dei på Dovrefjell fram, —
hædande fårar og daude

braut dei for Norig seg fram. —— —
Snøstormen piska og jaga, —

eg såg det drog ut fyrr det daga.

251

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0253.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free