- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
7

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Korleis eg kom til Ullensvang

Heile mitt liv hev eg havt den lukka å arbeida saman
med folk eg laut sjå upp til. Eg kjende meg som ein
næming som sat på skulebenken og tok imot.

Fyrste gong Jon Mannsåker og eg råkast, var då han
gjorde klokkar-tenesta for meg ved ei kvelds-messa i
Strandebarm nyårsaftan 1902. Nokre år seinare høyrde
eg gjete han då ei moster hans fortalde um den
foreldrelause guten: mori hadde fyrr ho døydde gjeve borni sine
hugheilt i Guds hender, ho var trygg på at dei vilde veksa
fram til gode og dugande menneske.

I Oslo trefte eg han i student-åri hans. Han var ein
mogen student, 25 år gamal då han kom til Universitetet,
hadde teke lærar-eksamen og vore lærår både i
barne-skule og i framhaldsskule. Professorar og kameratar
gådde snart han var ein gåverik ungdom, klår og kvass
i si tanke-føring, djup og grundig i si gransking. Dei
knytte voner til framtidi hans.

Då eg i 1911 søkte soknekallet på Inderøya, hadde
eg plan ferdig å få Jon Mannsåker til medarbeidar i
preste-tenesta og i høgskule-arbeidet. Det gjekk ikkje
i lås. Hadde Karl Seip og Wexelsen levt, vilde truleg
planen vorte røyndom og eg hadde stogga der nord
resten av mitt liv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free