Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
8
I 1913 feste eg meg ved Dypvåg soknekall i
Aust-Agder. Då var Jon Mannsåker alt i fullt arbeid i
Ullensvang. Dypvåg tykte eg var ein høveleg, fredleg stad for
ein ny folkehøgskule. Eg hadde fenge lovnad um
pengehjelp til å byggja. Eg fann ein dugande medarbeidar,
ein ung gåverik og musikalsk prest, som jamvel skulde
stetta riksmåls-folk. Men eg fann ingen studnad hjå
soknefolket: ein målmann til sokneprest vilde møta
mothug på alle måtar.
Same året hadde Eivind Berggrav framme sin plan
um «topp-skulen», eit norskt Askov. Han hadde trygda
seg vitenskaplege medarbeidarar, viljuge til å binda seg åt
folkehøgskulen ei årrekkja frametter, realkandidaten Devik
og filologen D. A. Seip. På møtet av høgskulemenn vart
planen dryft. Eg studde uppunder av all makt. Eg meinte
det norske Askov burde liggja på Voss, og eg talde Lars
Eskeland til å opna alle dører. Sjølv tenktest eg verta
prest på Voss og soleis koma med. Det gjekk i baklås.
Fleire enn eg syrgde yver at den laglege timen for den
norske folkehøgskulen soleis vart skjepla. Men
flesteparten av høgskulemennene stod tvilande.
ia’f«No vert Ullensvang soknekall utlyst,» sa kona mi.
Ho hadde lese O. Olafsens bok um Ullensvang, og vitja
Sørfjorden ein ven sumar-dag. «Du kan ikkje gå og venta
på Voss! du må søkja Ullensvang; det er folkehøgskule
der og no.» Eg lova henne det. Og eg sende inn søknad.
Eg skreiv til Jon Mannsåker. I svar-brev fortalde han at
han og var søkjar, og at heradsstyret studde søknaden
hans.
Helst hadde eg hug til å attra meg. Eg snakka med
kyrkjeministeren Bryggesaa. Han meinte Mannsåker var
for ung. «Men når eg tek att-ende min søknad, kunde
det då vera von for Mannsåker?» «Nei,» svara Bryggesaa,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>