- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
15

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

Ei herming lydde at kapellan Reimers skulde ha sagt
med Hertzberg: du preika for lett i din ungdom! difor
er du ikkje noko tess no! Sovore hev aldri kapellanen
sagt til sin sokneprest i dei tidene. Men kanhenda hev
Hertzberg sjølv sagt det: «De preker godt, De Reimers!
jeg talte for lett i min ungdom! derfor er jeg ikke noe tess
nu!» At den herma heldt seg, viser at kritikken var vaken.

Ikkje lenge fyre 1914 levde endå gamle Brita
«Bratt-espe» på Århus, som kunde fortelja ho hadde stade på
kyrkjegolvet for biskop Johan Nordahl Brun. Ho la til:
kapellan Reimers tala like godt som biskop Brun. Ja han
hadde teke Brun til sitt mynster. Ei helsing til
konfir-mantane av Reimers viser det tydeleg. Då Reimers heldt
avskilspreik i Odda, sa ein mann høgt i kyrkja: no gladde
soli. Og so vart Reimers stor-talar i Bergen, so lenge til
han vart tannlaus, og folk ikkje kunde skilja kva han sa!
Han var far til skodespelarane Arnoldus og Sofie Reimers.

Det var Reimers som tok seg av Niels Koren og sette
mod i han, so han våga verta prest.

Etter preste-eksamen gjekk Niels Koren heime hjå
far sin på Helleland i tvo år. Han stelte mest med hønsi,
so dei kalla han «hønsepresten». Eit brev frå
stiftamtmann Christie til sorenskrivar Koren nemner Niels: det
er sørgelig det ser ut til å bli ingen ting av Niels!

Reimers fekk Niels til å øva seg i å preika. I kyrkja
stod Niels på preikestolen, og Reimers sat åleine nede i
kyrkja, og gjorde merknader til måten hans. Han fekk han
jamvel til å øva seg uppmed «Bjørne-bykset», der han
skulde døyva fosse-duren.

Han bala mykje med seg sjølv Niels Koren, fyrr han
våga seg til å verta prest. Han tok til å skriva preikor i
april 1829; me eig dei; men han våga ikkje halda dei.
Fyrste gong han preika i Ullensvangs kyrkja var marimess-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free