Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
i6
sundagen 1831. Men endå var han i tvil um han skulde
verta prest.
Hertzberg, som vilde ha han til kapellan etter Reimers,
fekk so Niels Koren til å fara nord til Eivindvik og
råd-føra seg med prosten Niels Dahl. Då han kom att derifrå,
tok han det vågsame steget. Kva Niels Dahl hev sagt,
veit me ikkje. Men me kan hugheilt tenkja oss det: du
skal berre preika det du trur, og lata resten fyrebels liggja.
Ein gamal sørfjording hermde for meg etter far sin:
då Niels Koren vart prest, trudde han ikkje so mykje;
men det klårna for han etter kvart.
Både frå heimen og frå skulen hadde rasjonalismen
verka sterkt på Niels Koren. Soleis ikkje minst då
han gjekk i skule i Ulvik hja sokneprest F. C.Wolff. Mange
prestar steig fram med si rasjonalistiske forkynning.
Niels Koren kunde ikkje det. Han laut strida seg fram til
levande heilhuga kristentru.
I studentdagane møtte han Grundtvigs vener,
professor ane Hersleb og Stenersen og presten W. A. Wexels.
Det viser seg seinare at påverknaden frå Grundtvig hev
gjeve Niels Koren hjelp til å tru. Han vart ein glad og
frimodig kristen. Han tok Grundtvigs fyredøme når han
med konfirmantane la ut or mannasoga og f ortalde.
Jamvel asa trui fortalde han med dei. Bojsens visebok etla
han ut. Millom bøkene som vart selde etter Niels Koren,
fanst mange av Grundtvig.
Niels Koren var fødd og uppvaksen i Ullensvang,
og vart rekna for ekte sørfjording, vetug og roleg og
tenksam, heilt etter folke-ynske. Ein vismann var han.
Mange visdoms-ord lever etter han.
At han fekk Ullensvang soknekall då Hertzberg døydde,
var rett og rimelegt i alle måtar, endå han var ung til
å få so stort eit embete. Han la mykje arbeid på talene
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>