- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
30

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

hadde bygt ulovleg nær kyrkja. Det heldt hardt. Til sist
straks fyre jol gav selskapet ein arbeidar-lyd pålegg um
å flytta inn i smidja. Og so gjekk direksjonen til
departementet og sa dei var nøydde til å nytta smidja til
arbeidar-bustad, det var hus-naud, sa dei! Departementet hadde
alt gjeve bod um å flytta smidja innan nyår 1915; bodet
var sendt til kyrkjetilsynet. Men nyårs-aftan fekk me
telegram frå departementet: selskapet hev fenge utsetjing
med flyttingi!

Eg fekk skuldi for aksjonen både mot smidja og mot
brui.

#

Elles var samværet og samarbeidet med Kinsarvikingane
gildt.

I kyrkjene var det jamt mykje folk. Dei gode gamle
karane sat på sine faste kyrkjestolar kvar sundag, det var
heime-koselegt å sjå. Og mangt eit hjartelegt ord fekk
eg frå dei, til kveik i arbeidet.

Lærarane var og gilde å møta. Dei fekk Kinsarvik
skulestyre til å setja ned ei nemnd til å laga ny skuleplan;
i den nemndi vart eg formann. Me fekk vedteke den
nye skuleplanen, han vart godkjend av yvertilsynet. Men
det gjekk ikkje utan strid. Serleg vart time-talet for
kristendoms-kunnskapen eit strids-emne både i bygdi og
i skulestyret. Sume spurde: kva er det presten vil med
å stytta av på timetalet? Eg kunde svara:
kunnskaps-mengdi greier seg med 3 timar veka, 6 halv-timar i
småskulen, og kristendoms-kunnskapen må aldri verta
uppatt-terping! Det gjeld um at kvar timen vert forvitneleg for
borni! ikkje so mange timar som fyrr, men dnds-fyllte
dei timane me hev! Eg hadde mang ei vond røynsla
um åndlaus pugging og terping urnatt og urnatt, so borni

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free