- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
31

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

3i

totte keidsamt! og det er det verste som kan henda: at
kristendomen vert ei plåga! På resten vedtok likevel

skulestyret 4 veke-timar, i-rekna kyrkjesoga.

#

Ungdomslaget på Utne tok seg av å planta kring
kyrkja, so det med tidi vert levande der med tre-vokster
og fuglesong.

Då dei skulde til å grava på øvre-luten av
kyrkje-garden på Utne, fekk eg vedteke at dei tok til nedst.
Eg hadde røynt at når dei byrjar øvst i ein bakke, vil
siget frå dei øvste gravene gjera gravingi nedanfor usunn.
Derimot fekk eg ikkje Kinsarvik heradsstyre til å
fast-setja obligatorisk torv-setjing av gravene. Sume meinte
det vore vanskelegt å få tak i torv! Soleis er kyrkjegardane
både på Utne og i Kinsarvik ikkje so vel-stelte som dei
kunde vore.

Spursmålet um uppverming av kyrkjene vart til sist
avgjort av Kinsarvik heradsstyre, soleis at det vart innkjøpt
nye omnar.

Men serleg i den gamle Kinsarvik-kyrkja kom
«foreningen med det lange navn» og vilde ha eit ord med i
laget.

*



Den vyrdelege Kinsarvik-kyrkja, den eldste me hev i
heile Hardanger, er i fleire måtar noko eine-ståande,
segjer fagfolk: romansk bygnings-stil, gotiske vegg-bilete,
renessanse-innbu. Å få den kyrkja vølt og sett i sitt
gamle stand skulde vera ei ære-sak for bygdi.

Vegg-bileti er yver-smurde med kalk, men ikkje verre
enn det let seg gjera å vaska kalken av. Fagfolk vart
levande interessera i dette. Riks-antikvaren la seg i selen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free