- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
34

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

Tvo hundrad-åringar lyt eg og nemna.

Jakob Instanes heitte den eine. Hans minne lever i
eit fond han let etter seg åt trengande kinsarvikingar.
På hundrad-års-dagen heldt dei fest for han i
«Stranda-heimen». Og hundrad-åringen reis upp ved bordet, og
tala og takka!

Nils Tveisme heitte den andre. På hundrad-års-dagen
hans var det fest i heimen hans, med hundrad kveikte ljos.
Han var på ferde heile dagen og tok imot alle som helsa
på han; det var nok fleire hundrad. «Du er vel trøytt no,
Nils?» sa ein til han um kvelden. «Kva skulde eg vera
trøytt for?» Nei, han var sprek og arbeidsfør, slo gras
med stutt-orv, var med i dagsens liv, både til fest og yrke.
I kyrkja møtte han jamt. Han vart yver 103 år gamal.
Av minne han kunde fortelja etter far sin, var dei ordi
prosten Hertzberg sa då Welhavens vers vart lese for han:
for di du ikke visste hvad du gjorde, har jeg tilgivet dig,
du gamle mann. «Hane-kylling,» sa Hertzberg. Far og
mor til Nils Tveisme tente båe på Ullensvang prestegard
då dei vart kjende.

#

Medhjelparane i Kinsarvik er og verde å minnast sers.

Det var ingen medhjelpar som soleis fylgde meg og
rettleidde meg i sjukevitjingar som Torstein Alvsåker.
Då han døydde, fekk eg til ny medhjelpai Torgils Årebol,
gamal høgskulemann frå Vonheim, med ljos og varm
kristentru, som tidt gav meg ny kveik. Og so Gunnar
Midnes, veteranen, som alltid var med når det galdt å
fremja eit sunt folkeliv. Han var i mange år formann i
Kinsarvik sokneråd, og det var til stor bate for den nye
institusjonen. Frilynd var han. Han var soleis hugheilt
med på vedtaket um å opna preste-yrket for kvinner.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free