Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
II
I mange år heldt småbrukar-skulen til på Utne, fyrr han
vart flutt til Hesthamar. I all dampbåts-trafikk er Utne
eit knutepunkt, der fjordane møtest og greinar seg ut.
Men gamle Kinsarviki hev dei vyrdelegaste tradisjonar.
Kanskje kan Viki koma til æra i ny-tidi, med
knutepunktet for bil-trafikken?
*
Ein kinsarviking som er verd å minnast, er den blinde
organisten Guttorm Jordal.
Det var ei syn å sjå han leita seg fram dei lange vegane
frå Kinsarvik til Ullensvangs-kyrkja og til Utne-kyrkja.
Det gjekk både snøgt og trygt. Han åtte ikkje lite av ein
sette sans. Finger-næm var han i fleire handverk. Og
musikken hadde han pålitande rett i hovudet og i hendene.
Han lærde seg snart nye musikk-stykke og nye tonar. Då
me i songkor på Utne og i Ullensvang song Wagners
«Pilegrims-kor» i «Tannhåuser», greidde Guttorm Jordal
lettvint å spela attåt.
I godt humør og strålande hjartelag møtte han alltid.
Det er ikkje lett å gløyma når han kom til prestegarden
og helsa oss alle, plent som han kunde sjå kvar ein av oss,
han tok aldri i miss.
Og når han var med og slo ring um ei kista og song
ved gravferdi, ser leg når det var etter sysken i
good-templar-losjen, ja då var Guttorm Jordal som sjeli i flokken.
Siste helsingi hans lydde so: «Helsa alle som vil noko
godt». Den helsingi var som hans hjarte-sukk. Eg bar
henne fram i Kinsarvik-kyrkja ved gravferdi hans.
*
3 — Anker: Prest 05 proet.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0035.html