- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
43

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ullensvang prestegard

Johannes Johnson, den namngjetne misjonspresten,
stod på Ullensvang prestegard og skoda innetter fjorden.
Det var jonsok i 1915. «Du verden! dette er det vakreste
jeg har sett!» sa han. Og han hadde fare jordi rundt.

Ein av dei venaste prestegardar i heile verdi, det er
Ullensvang prestegard. Herleg ligg han på tangen med
kyrkja attmed.

Ein framifrå fruktgard er han. Og min formann,
sokneprest Olafsen, hadde lagt mykje arbeid i
frukt-dyrkingi. Difor fekk han ved åbots-tenesta 1200 kr.,
som eg laut ut med.

Å vyrdsla og vøla ein sovoren prestegard var for meg
ei heilag uppgåva, som eg med gleda ofra mykje for.

At fleire hus på prestegarden var skrøplege, hadde eg
høyrt gjete. Serleg at uthus-bygningi var til nedfalls.
Eg nemnde det i prestegardskontoret fyrr eg flutte. Eg
•fekk til svar: De må venta til turen kjem! Det kunde eg
ikkje. Utetter sumaren og hausten sende eg bod på bod.
Til sist vart det jamvel departementet for heitt: eg fekk
løyving til å byggja nytt uthus.

Samstundes var det mangt som trong vøling i sjølve
stove-huset.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free