Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
II
Noko av det fyrste som vart gjort, var å saga vekk ein
slump greiner på barlindi på vestsida. Ho skygde slik
for romi at soli ikkje nådde inn. Det lukta beint fram
surt i huset, og styvlar vart grøne av mugg!
Det var kona mi som fekk ein mann til å saga vekk
greinene. Det vart noko ståk med bygde-kritikk.
Gamle-presten Olafsen høyrde gjete at me hadde skamfare den
vyrdelege lindi. Han kom og titta framum novi: «Er det
ikke verre?» sa han.
Men då kona mi nokre år seinare fekk burt endå ei
grein, kom det eit giftigt bladstykke i «Hardanger», med
yverskrift «Kultur». Der fekk soknepresten faderleg
tiltale. Millom anna vart det sagt at barlindi truleg kom
til å visna.
At gamle-ordføraren sende det anonyme bladstykket
til heradsstyret med eit fylgjeskriv, og at heradsstyret
gjorde eit heilt uppstyr, med melding til Stiftsdireksjon
og departement, — det gav ikkje anna resultat enn at
barlindi og fleire andre tre på prestegarden vart freda.
Eg sa ifrå at eg gjerne vilde ha dei freda, men ikkje på dei
premissar som heradsstyret førde fram. Fylkesmannen
kom personleg og såg etter barlindi. Han var heilt
einig i at «sol må presten ha». Han såg med eigne augo
at barlindi grønkast og treivst framleides, jamvel betre
enn fyrr; ho hadde godt av sol og luft ho 6g.
Det- varde ikkje lenge fyrr bygde-kritikken tagna, og
folk smilte åt alt dette ståket!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>