- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
47

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

ifrå at han vilde ikkje pakta jordvegen um han so fekk
han for ingen ting. Eg var nøydd til å gjeva paktaren
min mesteparten av frukthausten.

Men so laut eg til å dyrkja. Alt i 1915 braut eg upp
noko. Og so la eg i veg med nybrots-plan for 30 dekar.

Tri svenske arbeidarar tok eg inn på prestegarden.
Dei dreiv på i eitt heilt år. Sume lasta at eg før de inn
framande arbeidsfolk. Men då dei såg kor gjæve
arbeids-karar svenskane var, tagde kritikken.

Tusen lass stein braut dei upp på kvar dekar. Steinen
vart send på «stein-merr» ned i fjøra.

Med dei arbeidsprisar som krigs-åri skapte, gjekk det
um lag tusen kroner å rydja kvar dekar. Staten ytte
meg i alt 17 000 kr. Resten laut eg taka på meg sjølv.
Noko fekk eg til lån på embetet.

Men paktar-vilkåri kunde eg setja høgre.

Dessutan fekk eg etter kvart inntekt av dei seide
par-sellane og av dei som vart bygsla burt. Tretti dekar
nordanfor lærarjordi vart burtbygsla på seksti år; dei
skulde då i 1977 falla attende til prestegarden i dyrka stand.
Leiga vart for desse parsellane sett so låg som råd var,
so leigarane kunde sjå seg syn med å dyrka dei og ha
inntektene i 60 år.

Irekna dei tvo parsellane som vart seide til Hardanger
folkehøgskule og til Ullensvang herad, er alt i alt mykje
yver hundrad dekar uppbrotne og dyrka sidan 1914, so

all dyrkande jord på Ullensvang prestegard no vert nytta.

*



Dei tri stølane som høyrde til prestegarden, vart og
vyrdsla. På Skriksæter var det inkje att å berga av
støls-husi. Men på Stavalid og Stuvasæter vart husi vølte og
sette i stand etter kvart. På Stuvasæter sette eg upp eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free