- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
46

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

Departementet vilde ikkje lata heradsstyret kjøpa upp
parsellane. Departementet vilde beinveges selja til kvar
einskild kjøpår.

Eg talde til at heradet skulde få kjøpa 25 dekar til
lærarjord og gamleheim. Departementet gjekk med på
det. Prestegardstilsynet sette prisen til 200 kr. pr. dekar,
og meinte det var billeg pris. Men ordføraren fekk
fylkesmannen og ein utanbygds mann til å verdsetja
parsellen til den halve pris. Bak vår rygg gjekk dette.
Fylkesmannen sende fråsegni deira beint til
departementet. Prestegardstilsynet fekk so saki tilsend frå
departementet, skulde segja si meining. Samrøystes
vedtok tilsynet å kjæra tvistemålet inn for ei upartisk nemnd.
Men departementet svara: vil ikkje Ullensvang herad
kjøpa parsellen etter 200 kr. pr. dekar, kan det kvitta eitt.
Departementet vilde helst ikkje selja noko av
prestegarden, berre leiga burt. Den nye landbruksingeniøren
sa: hadde han kome fyrr, skulde aldri den parsellen
vorte seid. Men heradsstyret vedtok kjøpet med beiske
ord um «yvermakti frå den sterkare» som nøydde til å
godtaka vilkåret. Soknepresten fekk skuldi. Einaste var
at då fylkesskulestyret kom og saum-för parsellen, bar
formannen deira fram ei varm takk til soknepresten for
godviljen hans.

Seinare fekk Ullensvang herad løyve til å selja 7 —
sju — hus-tufter av den parsellen og fekk inn meir enn
sine utlegg.

*



Jordvegen på Ullensvang prestegard var ikkje i
skikke-leg hevd då eg kom i 1914.

Det viste seg at paktarleiga hadde minka i eino. Siste
året hadde paktaren svara 200 kr. i leiga. Og no sa han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free